torsdag 3. juni 2010

Fjerde samling
Kapittel 42, Outlook 2003



  • Digital signatur: ved å bruke digital ID i e-postprogrammet kan du bevise identiteten din, og kryptere fortrulege meldingar. Ein digital ID er sett saman av ein fellesnøkkel, ein privatnøkkel og ein digital signatur.

  • Spam er uoppfordra massesendt e-post. (Søppelpost.) Kjem ofte frå ukjende avsendarar, og kan innehalde komersielle eller støtande budskap.


  • Korleis vise leseruta: Klikk på vis og peik på visningsrute. Klikk på av for å skjule leseruta, eller klikk på Høyre eller Nederst for å vise leseruta.


  • Navigasjonsruta: Du kan vise eller skjule navigasjonsruta. Klikk på Vis og Navigasjonsruta.

  • Korleis vise ruta oppfølgingsflagg: H.-klikk på meldinga du ønskar, peik på Følg opp, og klikk på den flaggfargen du ønskar. Du finn oversikt over desse meldingane i mappa Søkemapper.


  • Korleis legge til ny konto: Klikk på Verktøy og E-postkontoar. Ein vegvisar startar. Følg instruksane i vegvisaren.



Kapittel 43, Elektronisk post


      • Svare på e-post utan å ta med den oprinnelege meldinga: Du kan endre standard på denne måten: Klikk på Verktøy og Alternativer. Dialogboksen Alternativer kjem fram. Klikk på E-postalternativer. Dialogboksen E-postalternativer kjem fram. Velg Ikke inkluder opprinnelig melding i boksen til Når du svarer på en melding. Klikk på OK. Då kjem du attende til dialogboksen Alternativer. Klikk på OK.

      • Skilnaden på ein kopi og ein blindkopi: Kopi: er når du sender ei melding til ein mottakar som ein slags informasjon, men ikkje krever same tilbakemelding (som om det var ei direktemelding til nokon, der ein ventar eit svar). Blindkopi: brukast når du ønskar å sende ei melding til fleire mottakarar, men ikkje vil at mottakaren skal kunne sjå kva andre mottakarar som har fått meldinga. ( Ny mail og Alternativer eller Vis og Felt for blindkopi)

      • Setje inn fast signatur: klikk på Verktøy og Alternativer. Dialogboksen Alternativer kjem fram. Klikk på E-postformat. Klikk på Signaturer. Utfør dei vala du vil og klikk på OK.

      • Det er lurt å bruke kladd f.eks viss ein ikkje rekk å skrive ferdig meldinga, viss ein vert avbroten i arbeidet eller meldinga er lang. Dette gjer ein for å forhindre å miste teksten ein har skreve inn.

      • Når ein skriv med store bokstavar vert teksten oppfatta på same måte som om du ropar.

      • Landkodar til Sverige: SE, Danmark: DK, Finland: FI

      Ingen kommentarer:

      Legg inn en kommentar